Bilvandring er eit nytt og spennande omgrep og tilbod til dei som vil ha ein meir innhaldsrik tur og større naturoppleving enn berre utsikta frå bilen. Som vil kombinera bilturen med godt tilrettelagte, merka, passeleg lange og interessante fotturar.

Ved hjelp av spesielle turark med kartskisser og informative tekstar for både bilturane og fotturane, kan du på ein enkel måte finna fram. På turarket for bilturen (rundturane) er utgangspunktet for fotturane merka av. Fotturane startar og endar der ein kan parkera bilen., og turane tar frå 1 til 3 timar med normal gange. Rutene er godt merka, og saman med kartskissa og teksten på turarket er det lett å finna vegen.

Kjøp Turarka:

Her finner du informasjon om hvor du får kjøpt turaka.

Voss, sentralt plassert mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden, er ei bygd rik på kulturtradisjonar og vakker natur. Vossevangen er sentrum i bygda og herifrå fører dalfører ut i mange retningar, noko som har skapt uttrykket "Verdi er vid, men Voss er vidare". For dei som tar seg litt tid, er her så mykje å oppleva


  Voss kommune – ligg flott plassert mellom hardangerfjorden i sør og Sognefjorden i nord. Ser ein kommunegrensene ovanfrå, er dei forma som ei stjerne.

Voss sentrum, eller Vossevangen som tettstaden heiter, vart i aprildagane 1940 nokså øydelagt, men i dag atterreist til ein triveleg "by". Den fyrste Turistnemnda vart skipa i året 1929. Turist- og reiselivsnæringa har i årtider arbeidt med å gjera Vossadistriktet kjent i inn- og utland. "Du kjenner ikkje vestlandet rett før du har vore på Voss."

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!

 

 

 

 

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!


webmaster@carwalks.com