|

Eit karrig land stig av havet i vest.
Sundrive og oppdelt med tusen øyar, smale sund og lune vikar. Lenger
inne frodige, furkledde øyar, vide bygder og breide dalar. Og tronge
fjordar som skjer seg inn mellom steile fjell, der fossen kastar seg
vilt utover. Folgefonna er krona på verket.
|
|
Tysnes Kommune : ein øykommune som
ligg der Hardangerfjorden møter
skjergarden og havet utanfor. Dei ytre delane av øya Reksteren ligg med
blankskurte svaberg mot Selbjørnfjorden, medan austsida av Tysnesøya
har det karakteristiske Hardangerlandskapet med stupbratte fjellsider og
frodig vegetasjon. Mellom desse ytterpunkta finst ein stor skjergard og
eit flott fjellområde med toppar aver 750 meter.
|
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|
|
|
Stord Kommune
:
har eit folketal på omlag 16.000. Offshore-retta industri er viktigaste
næringsvegen med fleire tusen arbeidsplassar. Skulesenter og
regionsenter for Sunnhordaland med eit breitt spekter av
serviceversemder. Rikt planteliv og variert berggrunn. Kristtorn som
veks villig og fritt, er motiv i kommunevåpenet. Stord fekk bystatus i
1997.
|
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|
|
Fitjar Kommune
: utgjer nordre delen av Stordøya og ei rad mindre øyar.
Kommunesenteret er Fitjarsjøen. Der låg eingong kongsgarden til Harald
håfagre, strategisk plassert mot Selbjørnsfjorden. Der kjempa Håkon
den Gode mot Eirikssønene i året 961, og fekk banesåret. Gullhjelmen,
som segna seier at kongen bar, går att i kommunevåpenet.

|
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|
|
Bømlo
Kommune : er eit øyrike med omlag 10.500 innbyggjarar. Her har vore
busetting sidan steinaldaren. folket har til alle tider vore knytt til
sjøen. I dag er det skipsfart, fiske, fiskeoppdrett og høgteknologiske
verksemder knytt til det maritime miljø som pregar næringslivet.

|
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|
|
Sveio Kommune :
ei halvøy lengst sør i Hordaland, med landfast grense til kommunane
Haugesund og Tysvær. Hovudferdsleåra på Vestlandet - Kyststamvegen -
går gjennom kommunen. Den lange kystlinja har alltid gjeve sveibuen ein
sterk tilknytning til sjøen. I dag er det lite att av det tradisjonelle
kystfisket. No har oppdrett og vidareforedling av fisk teke over.
Landbruk er og ein viktig næringsveg i kommunen.
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar! |
 |
|
Kvinnherad Kommune :
ligg i Sunnhordland, yst i Hardangerfjorden. Kommunen grensar mot
Hardanger, og vert delt i to av fjorden; Ølve/Hatlestrand i nordvest og
Folgefonnhalvøya i søraust. Kommunen har hundreårgamal tradisjon med
båtbyggjing som framleis er ein viktig leveveg her, i tillegg til
jordbruk, aliminiumsindustri og reiseliv.
|
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|

|