|
|
|
||||||||||||||||
|
Dei foreslåtte rundturane er basert på bruk av eigen bil. Dei vil variera av lengde og reisetid, alt etter dei geografiske tilhøva. Turane er ikkje lenger enn at dei skal kunna gjennomførast som ein rimeleg dagstur. Reisetida er sjølvsagt avhengig av tid til fotturar og andre stopp. Vil ein bruka meir enn ein dag på turen, er det gode og varierte overnattingstilbod å finna. Sjølv om reiseruta og omtalen av den tar utgangspunkt ein bestemt stad, kan ein kopla seg inn på ruta der det er mest naturleg. Ein kan gjennomføra berre ein del av turen, eller kopla saman to eller fleire turar. |
|||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||
Hordaland er delt inn i områder med
nr. 1-8: Turarka er nummerert i samsvar med dette: 10-19
i område 1 osv. Kvar tur - rundtur og fottur
- har sitt eige turark. Det skal vera ein,
eller fleire fotturar knytte til kvar rundtur.
Fotturane har tilsvarande nr. som rundturen, men med ein bokstav etter. Utgangspunktet for fotturane er merka av på rundturkartet. Det hender at rundturane har nokre samanfallande strekningar. Evt. fotturar på desse strekningane er markert på begge rundturane, med nr. på den tur dei eigentleg " høyrer til". I tillegg til kartskissa er det tekst som fortel om interessante ting å sjå langs ruta. På fotturen tar ein turarket med. Slik vil det gjera turen og opplevingane meir interessante. |
|||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||