|

Osterfjord er det næraste fjordområde
til Bergen, og er gjort lett tilgjengeleg ved nye vegar og bruer. Heile
området har ein unik natur, frå tronge fjordar til store
fjellområder. Du kan oppleva den særmerkte Mosterstraumen i eit
dramatisk fjordlandskap og vandra fredfylt i variert natur. Osterøy er
den største innlandsøya i Nord-Europa, i dag gjort
"landfast" ved Osterøybrua.
|
|
Modalen kommune - den nest minste i Noreg, med eit folketal på
ca. 340. Naturressursar er det rikeleg av. Her kan du vandra i gamalt
kulturlandskap og sjå korleis livet til fjells og stølsdrifta var i
gamle dagar. Sandgruvedrift og jordbruk har vore og er dei viktigaste
næringsvegane i kommunen og kraftutbygginga er svært viktig for
kommuneøkonomien. Frå Modalen blir det eksportert lys og varme nok til
å dekkja 10% av straumforbruket i Bergen.
|
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|
|
|
Osterøy
kommune - folketal ca. 7000. Osterøy er den største innlandsøya i
Nord-Europa, omkransa av Osterfjorden og Sørfjorden/Veafjorden. På
Osterøy finn du ein eineståande småindustri og rike
handverks-tradisjonar. Jordbruket er også viktig som næringsveg.
Osterøy er Ole Bull sitt barndomsrike. Her opplevde den store
tonekunstnaren rike spelemannstradisjonar som prega han som kunstnar.

|
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|
|
|



|
Vaksdal
kommune
- grensar til Modalen, Bergen, Voss, Kvam, Osterøy og
Samnanger. Kommunen har ein variert og rik natur, med store fjellområde
som endar opp inne i Stølsheimen og Bergsdalsfjella. Jordbruket er ein
viktig næring, men Vaksdal er først og fremst industrikommune. Her
starta utbygginga av fossefalla og industrireisinga på slutten av
forrige hundreåret. 30% av krafta til BKK vert produsert i Vaksdal
kommune.

Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|
|
|
webmaster@carwalks.com
|