Bilvandring er eit nytt og spennande omgrep og tilbod til dei som vil ha ein meir innhaldsrik tur og større naturoppleving enn berre utsikta frå bilen. Som vil kombinera bilturen med godt tilrettelagte, merka, passeleg lange og interessante fotturar.

Ved hjelp av spesielle turark med kartskisser og informative tekstar for både bilturane og fotturane, kan du på ein enkel måte finna fram. På turarket for bilturen (rundturane) er utgangspunktet for fotturane merka av. Fotturane startar og endar der ein kan parkera bilen., og turane tar frå 1 til 3 timar med normal gange. Rutene er godt merka, og saman med kartskissa og teksten på turarket er det lett å finna vegen.

Kjøp Turarka:

Her finner du informasjon om hvor du får kjøpt turaka.

Ei lita brulengd frå Bergen, kjem du til Nordhordland. Her reiser du inn i eit historisk kyst-, og fjord- og fjellandskap. Kystkulturen og kystopplevingane står sentralt. Lyngheiane  eksploderar i purpurraude fargar i august kvart år. Fedje er sjøfiskarens paradis. I aust byr Stølsheimen på storslåtte naturopplevingar i urørt fjellnatur.


  Radøy kommune - "den grøne øya" i Nordhordland. Den vakre og frodige naturen i kommunen buktar seg roleg og dovent mot Nordsjøen. Kulturen står sentralt i Radøy. Vestnorsk Utvandringssententer ligg på Sletta, og fortell om utvandrarar-historia til tusenvis av nordmenn som utvandra frå Norge mellom 1836 og 1924. Folketal: om lag 4.500.

Øya Fedje - er ein dagstur i seg sjølv! Den vesle øykommunen ligg nordvest for Bergen, ytst mot Nordsjøen. Storparten av dei 700 innbyggjarane bur kring det lune hamnebassenget nord på øya. Stadig fleire har fått augene opp for denne perla i havgapet med spennande natur og tradisjonar. Folketal: om lag 700.

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!

 

Austrheim kommune - lengst nordvest i Hordaland. Karakteristisk for området er kulturlandskapet med lyngheiane, som i vikingtid prega kysten av Europa frå Noreg til Portugal. Noregs vestlegaste fastlandspunkt, Vardetangen - ligg i Austrheim. Folketal: om lag 2.600.

Lindås kommune - er ein fjord- og kystkommune. Gjennom idylliske Alverstraumen ut mot Feste - sommaridyllen for båtfolket - er du på veg til Lygra, der det kulturhistoriske og kunnskapsbaserte Lyngheisenteret opnar. Bøkeskogen, den nordlegaste viltveksande bøkeskogen i verda, gjev deg eksotisk og spanande vandring. Folketal: om lag 12.000.

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!


Masfjorden kommune - med storslått og vekslande natur. 1000 meter høge fjell stuper stolt ned i fjordarmane og møter dei idylliske sunda lenger ute. Med utgangspunkt i Stordalen, legg du opp til turar i velkjente Stølsheimen. Prøv gjerne fiskelukka i dei blanke fjellvatna. Masfjorden er kjent for godt innlandsfiske. Folketal: om lag 1.860.

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!


webmaster@carwalks.com