Bilvandring er eit nytt og spennande omgrep og tilbod til dei som vil ha ein meir innhaldsrik tur og større naturoppleving enn berre utsikta frå bilen. Som vil kombinera bilturen med godt tilrettelagte, merka, passeleg lange og interessante fotturar.

Ved hjelp av spesielle turark med kartskisser og informative tekstar for både bilturane og fotturane, kan du på ein enkel måte finna fram. På turarket for bilturen (rundturane) er utgangspunktet for fotturane merka av. Fotturane startar og endar der ein kan parkera bilen., og turane tar frå 1 til 3 timar med normal gange. Rutene er godt merka, og saman med kartskissa og teksten på turarket er det lett å finna vegen.

Kjøp Turarka:

Her finner du informasjon om hvor du får kjøpt turaka.

Hardanger er eir namn som får oss til å tenkje på bløming og frukt. Det milde klima og dei klare, ljose sommarnetter gjer ideelle vilkår for frukt og bær - og for alle som er gjestar. Frå nasjonalparken Hardangervidda, breene Folgefonna og Hardangerjøkulen kastar fossane seg ned mot Hardangerfjorden, sjølve nerva i landskapet.


  Kvam Herad - ligg på solsida (nordsida) av den vakre Hardangerfjorden. Våpenet har motiv knytt til tydinga av ordet kvam - "stad der eit hovuddalsføre knip seg ihop", som Steinsdalen endar i ein "kvam" under Tokagjelet. Jordbruk er ein viktig næringsveg, med fruktdyrking og blomstergartneri som spesialområde. I fjorden finst fleire større anlegg for oppdrett av laks og aure. Reiseliv har og sterke tradisjonar og er ei viktig næring.

Ullensvang herad - strekkjer seg over aust- og vestsida av Sørfjorden og Oksenhalvøya. Ullensvang er den største fruktdyrkings-kommunen i Noreg. Heile 80% av norske moreller vert dyrka her, men det er likevel eple som er viktigast. Omlag 500.000 frukttre gjer både bløming og haustingstid til ei spesiell oppleving.

 

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!

Jondal kommune - ein liten og triveleg kommune med omlag 1250 innbyggjarar, kjent for den tradisjonelle Handverks-messa som lokkar kunst-, handverks- og husflidinteresserte til kommunen. Utstilling/sal av kunst og handverk heile året. Den einaste båtbyggjarskulen av sitt slag i Noreg.


Ulvik kommune - ei av dei mest tradisjonsrike turistbygdene i Noreg. Varme somrar, høge sjøtemperaturar, ro og frodig natur har i generasjonar trekt til seg feriegjester. Ein stor arbeidsplass og attraksjon er landet sin eldste gartnarskule, Hjeltnes, grunnlagt i 1901.

Eidfjord kommune - ligg inst inne i Hardangerfjorden. Turistveg Hardanger Rv7 - den vakraste og raskaste vegen aust-vest går gjennom Eidfjord. Dei viktigaste næringane er jordbruk, offentleg og privat tenesteyting, kraftforsyning og reiselivsverksemd.

Granvin kommune - har, som dei andre Hardanger-kommunane, fjorden, fjellet og vakker natur som kjenne-teikn. Gamle byggeskikkar er tekne vel vare på, og det spirar og gror i musikklivet. Granvin er kjent for å ha rike feletradisjonar med mange kjende felespelarar og felebyggjarar. Hardingfela er symbolet i kommunevåpenet. Omlag 1050 innbyggjarar.

Eidfjord

Vøringsfoss

Ulvik


Odda kommune - er omkransa av Folgefonna i vest og Hardangervidda i aust og sør. Kommunen dekkjer eit areal på 1648 kv. km. Store delar av dette er høgfjell og isbrear, 90% ligg høgare enn 600 m.o.h.

Ullensvang herad - strekkjer seg over aust- og vestsida av Sørfjorden og Oksenhalvøya. Ullensvang er den største fruktdyrkings-kommunen i Noreg. Heile 80% av norske moreller vert dyrka her, men det er likevel eple som er viktigast. Omlag 500.000 frukttre gjer både bløming og haustingstid til ei spesiell oppleving.

Lofthus

Røldal

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!


  Kvam Herad - ligg på solsida (nordsida) av den vakre Hardangerfjorden. Våpenet har motiv knytt til tydinga av ordet kvam - "stad der eit hovuddalsføre knip seg ihop", som Steinsdalen endar i ein "kvam" under Tokagjelet. Jordbruk er ein viktig næringsveg, med fruktdyrking og blomstergartneri som spesialområde. I fjorden finst fleire større anlegg for oppdrett av laks og aure. Reiseliv har og sterke tradisjonar og er ei viktig næring.

 

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!


webmaster@carwalks.com