Bilvandring er eit nytt og spennande omgrep og tilbod til dei som vil ha ein meir innhaldsrik tur og større naturoppleving enn berre utsikta frå bilen. Som vil kombinera bilturen med godt tilrettelagte, merka, passeleg lange og interessante fotturar.

Ved hjelp av spesielle turark med kartskisser og informative tekstar for både bilturane og fotturane, kan du på ein enkel måte finna fram. På turarket for bilturen (rundturane) er utgangspunktet for fotturane merka av. Fotturane startar og endar der ein kan parkera bilen., og turane tar frå 1 til 3 timar med normal gange. Rutene er godt merka, og saman med kartskissa og teksten på turarket er det lett å finna vegen.

Kjøp Turarka:

Her finner du informasjon om hvor du får kjøpt turaka.


Dei foreslåtte rundturane er basert på bruk av eigen bil. Dei vil variera av lengde og reisetid, alt etter dei geografiske tilhøva. Turane er ikkje lenger enn at dei skal kunna gjennomførast som ein rimeleg dagstur. Reisetida er sjølvsagt avhengig av tid til fotturar og andre stopp.

Fotturane: Turvegane/-stiane er lagt tilrette spesielt for dette føremålet, det vil seia for bilturistar som gjerne vil ha litt aktivitet og som vil oppleva natur og kulturlandskap på ein enkel og trygg måte. I tillegg til kartskisse og anna informasjon på turarka, er rutene godt merka. Ein går likevel på eige ansvar.

Utgangspunktet for fotturane er frå avmerka parkeringsplass. Turane varierar i lengde frå 1-3 timar. Informasjon om dette og om turens innhald og kvalitet på informasjonsarka for turane. Ca. tid turen tar, er rekna ut frå normal gange. Stopp eller rast er individuelt og vil koma i tillegg. Nyt turen, du maktar ikkje alle på ein dag.


Rundtur 20. Hardanger.

Denne turen går gjennom tre sentrale Hardanger-kommunar på begge sider av den vakre Hardangerfjorden: Kvam herad, Ullensvang herad, Jondal kommune.

 

20A: Norheimsund.

Ein lett tur frå Norheimsund, rundt Movatnet til den berømte Steinsdalsfossen.

Terreng: Lett fottur i flatt terreng, på sti, veg og fortau.

Tid: 1 1/2-2 timar.

Kjøp turarka her.

Klikk på kartet for rundturane.


20B: Tolomarka-Børve/Øystese.

Flotte fotturar i området mellom Norheimsund og Øystese, med utsikt mot Hardangerfjorden og fjella omkring.

Terreng: Ca 5 km på bygdeveg, 2 km på sti Litt

stigning (høgdeskilnad ca 100 m).

Tid: Ca 2 timar.

Klikk på kartet for rundturane.


20C: Fitjadalen – Øystese. 

Fotturen følgjer ein gamal sti rundt vatnet, den såkalla Sogestien. Langs stien er der sett opp 27 opplysingsskilt, som fortel om livet i Fitjadalen i eldre dagar.

Terreng: Ca. 4 km på sti, 3 km asfaltert bilveg. Flatt terreng. 

Tid: Ca: 2 ½ time.

Klikk på kartet for rundturane.


20D : Gullfiskvatnet/Øystese.

Fisken gullvederbuk har gjort Skårsvatnet kjend over heile landet som "Gullfiskvatnet", etter at den vart utsett her i 1914. Skårsvatnet – "Gullfiskvatnet" - er eineståande i distriktet med sine fem fiskeartar.

Klikk på kartet for rundturane.

Kjøp turarka her.


20E: Ålvik sentrum.

Ålvik var fram til 1905 eit lite bondesamfunn med 4 gardar, nokre plass-folk og handverkarar. I 1905 kjøpte ingeniør Hjort jord- og fallrettar til industriføremål, med industrireising i 1915-18. På 5 år auka folketalet frå omlag 100 personar til 900, før uhell i røyrgata og nedgangstid, med produksjonsstans i 1919/20. Omstilling frå carbidproduksjon til ferrocrom og silisium, frå 1924/25 og full rehabilitering i 1928

Terreng: Gangvegar med asfalt og grus. Bratt stigning nokon stadar, parkbenkar langs vegen.

Tid: Omlag 2 timar.

Klikk på kartet for rundturane.

Kjøp turarka her.


20M: Herand.

Her er to alternativ for interessante fotturar, som kan kombinerast om ein ynskjer det.

Alt. I.

Terreng: Bygdeveg, sti, lett stigning.

Tid: Ca. 1 - 1 1/2 time.

Alt. II.

Terreng: Gardsveg og sti, kupert.

Tid: Ca. 1 time.

Klikk på kartet for rundturane.


Rundtur 21.  Hardanger.

Turen går gjennom dei inste og kanskje mest dramatiske delane av Hardanger, med kommunane Eidfjord, Ulvik og Granvin.

 

21A: Vestleg kulturløype i Ulvik.

Terreng: Asfaltveg, skogsveg, traktorveg og sti.

Tid: 3 alternativer, frå 2.5 til 4 timar.


21B: Austleg kulturløype i Ulvik.

Terreng: Asfaltert veg og bratt sti/gangveg.

Tid: Omlag 2 1/2 time.

Klikk på kartet for rundturane.


21C: Åsen rundt i Ulvik. 

Ein flott tur forbi Hjeltnes Gartnarskule (også kalla "the appletree walk") og vidare gjennom skogsterreng med utsikter over Ulvikbygda og Osafjorden. 

Terreng: Første del på veg, deretter sti med litt stigning, men mest lett skogsterreng. 

Tid: 3 timar.

Klikk på kartet for rundturane.

Kjøp turarka her.


21D: Osa – Hjadlane. 

Ein rundtur i kulturlandskapsområdet i Osa . Terreng: Lett terreng på veg og sti. 

Tid: Omlag 2 timar

Klikk på kartet for rundturane.


21F: Hæreid – Eidfjord. 

Ein flott tur over Hæreid, der ein finn det største forhistoriske gravfeltet i Hordaland. Oppe på terasseflata, inne i den fine bjørkeskogen, ligg dei, haugane og røysane, einskildvis eller i tette klynger, store og små, runde og avlange – minst 350 i alt. 

Terreng: Asfaltveg og traktorveg/sti. 

Tid: 1 – 1 ½ time.

Klikk på kartet for rundturane.


21L Kinsarvik.

Ein rundtur som går i ei bryting mellom fossestryk og vill natur på den eine sida, og kulturminne som viser store planar om menneskeverk på den andre.

Terreng: Sti og bilveg

Tid: 1 1/2 - 2 timar

Klikk på kartet for rundturane.

Vøringsfoss

Ulvik


Rundtur 22.  Hardanger - Røldal

Sørfjorden er den del av Hardangerfjorden der kontrasten mellom fruktbare bygder og evig snø er sterkast.

 

22A: Røldal sentrum og omegn.

Utgangspunktet for fotturane i sentrum og omegn er Røldal kyrkje. Rundturane i bygda passar for alle, også for handicappa og familiar med små born som treng barnevogn.

Terreng: Fast vegdekke i lett kupert terreng. Gangstien er brattaste partiet med tre trappesteg innlagt (kan skape problem for rullestolbrukarar). Tid: 45 min - 1 time

Klikk på kartet for rundturane.

Kjøp turarka her.


22B: Austdalen – Røldal.
3 alternative fotturar i Røldalsområdet:

Alt.I: Røldal sentrum-Austdalen.

Terreng: Turveg og sti, stigning første del, kupert.

Tid: 1 1/2 - 2 timar

Alt. II: Hagen - Bråstøl.

Terreng: Frå Hagen følgjer ein den gamle vegen som i dag minner meir om ein sti, med jamn stigning frå Dalen til høgaste punktet ved Jarbredne. Herfrå nedstigning til Valldalsvegen som ein følgjer til Bråstøl

Tid: 2 1/2 timar (bussruter for retur)

Alt. III: Bråstøl - Austdalen - Røldal.Terreng: Utmark, tydeleg sti det meste av turen. Litt stigning i starten, etter kvart litt lettare, og til sist berre unnabakke. Turen startar ved 650 m.o.h., går opp til ca. 900m og endar i Røldal, ca. 420 m.o.h.

Tid: Ca. 2,5 timar.

Kjøp turarka her.

Klikk på kartet for rundturane.


22C: Fottur - Valdalen/Røldal.


For å koma til Valldalen svingar vi av E134 ved botnen av Austmannalia og følgjer vegen inn langs vatnet, ca. 16 km. Parkeringsplass ved brua innerst i dalen.
Alt. I:

Terreng: Lett fottur - ca. 2 km - på grusveg og sti. Stigning i starten.

Tid: Ca. 1 time

Alt. II:

Terreng: Sti i variert terreng. Stigning ca. 200 meter.

Tid: Ca. 2 timar.

Klikk på kartet for rundturane.


22G: Hovden/Odda.

Lett tur langs det vakre Sandvinsvatnet og forbi storsteinen "Skipheller" på 50.000 tonn.

Terreng: Langs vatnet: planert grussti, flatt

Gjennom Hovden: Asfalt, planert grusveg, kupert.

Tid: Ca. 30 min.

Klikk på kartet for rundturane.


22K : Elvadalen – Lofthus.

Denne turvegen vart bygd ferdig våren 1997, for å opna for natur- og kulturopplevingar i eit frå før utilgjengeleg landskap.

Terreng: Grusa traktorveg, fint også med barnevogn.

Tid: Ca. 1 - 1 1/2 time.

Klikk på kartet for rundturane.


22O: Aga - Sørfjorden/Hardanger.

Stien startar og endar i det vidkjende Agatunet, det største freda klyngetunet i Noreg.

Terreng: Bilveg, sti og traktorveg. Først flatt, seinare bratt og kupert. Turen er helst krevjande og krev godt fottøy. Frå 30. oktober til ca. 1. juni kan turvegen vera rasfarleg når veret er dårleg (mykje nedbør).

Tid: Ca. 2 timar


Rundtur 23.  Ytre Hardanger.

Denne turen tar oss til dei ytre deler av Hardangerfjorden, der fjorden er meir open og breid og gjer det beste utsyn mot den mektige Folgefonna på andre sida.

 

23A: Nes/Nernæs. 

Terreng: Veg og lette grus- og skogsvegar.

Tid: Ca. 2 timar. 

Klikk på kartet for rundturane.

Kjøp turarka her.


23S: Steinskvanndalen –Kvamskogen. 

Ein fjell- og stølstur på Kvamskogen.

Terreng: Grusveg og sti. Stigning i starten, kupert.

Tid: Omlag 3 timar.

Klikk på kartet for rundturane.

Kjøp turarka her.


webmaster@carwalks.com