Bilvandring er eit nytt og spennande omgrep og tilbod til dei som vil ha ein meir innhaldsrik tur og større naturoppleving enn berre utsikta frå bilen. Som vil kombinera bilturen med godt tilrettelagte, merka, passeleg lange og interessante fotturar.

Ved hjelp av spesielle turark med kartskisser og informative tekstar for både bilturane og fotturane, kan du på ein enkel måte finna fram. På turarket for bilturen (rundturane) er utgangspunktet for fotturane merka av. Fotturane startar og endar der ein kan parkera bilen., og turane tar frå 1 til 3 timar med normal gange. Rutene er godt merka, og saman med kartskissa og teksten på turarket er det lett å finna vegen.

Kjøp Turarka:

Her finner du informasjon om hvor du får kjøpt turaka.


Dei foreslåtte rundturane er basert på bruk av eigen bil. Dei vil variera av lengde og reisetid, alt etter dei geografiske tilhøva. Turane er ikkje lenger enn at dei skal kunna gjennomførast som ein rimeleg dagstur. Reisetida er sjølvsagt avhengig av tid til fotturar og andre stopp.

Fotturane: Turvegane/-stiane er lagt tilrette spesielt for dette føremålet, det vil seia for bilturistar som gjerne vil ha litt aktivitet og som vil oppleva natur og kulturlandskap på ein enkel og trygg måte. I tillegg til kartskisse og anna informasjon på turarka, er rutene godt merka. Ein går likevel på eige ansvar.

Utgangspunktet for fotturane er frå avmerka parkeringsplass. Turane varierar i lengde frå 1-3 timar. Informasjon om dette og om turens innhald og kvalitet på informasjonsarka for turane. Ca. tid turen tar, er rekna ut frå normal gange. Stopp eller rast er individuelt og vil koma i tillegg. Nyt turen, du maktar ikkje alle på ein dag.


Rundtur 11. Tysnes.

Ein tur rundt øya Tysnes, gjennom eit frodig og variert landskap, i hjarta av Sunnhordland.

 

11A: Ramnanuten – Tysnes.

Turen går i ei rundløype opp på Ramnanuten og ned igjen til Tysnes skule på Gjerstad (1). Området ligg nær busetnaden rundt Våge, og er mykje brukt til rekreasjon for dei som bur her.

Terreng: Asfalt/grusveg, skogsveg og sti. Nokre bratte parti.

Tid: Ca. 1 1/2 time. 3,5 km.

Kjøp turarka her.

Klikk på kartet for rundturane.


11C: Myklestadskogen-Tysnes.

Turen går i ei rundløype i furuskogen vest for Kyrkjevatnet i Uggdal. I tillegg til denne turen er det fleire stiar og skogsvegar i området, nokre av desse er merkte. Det er høve til å fiske i Kyrkjevatnet. Fiskekort kan kjøpast på Essostasjonen i Våge, hos Tysnes Sjø- og Fritid og på postkontoret i Uggdal.

Terreng: Asfalt/grusveg, skogsveg og sti. Lett terreng. Godt fottøy.

Tid: Om lag 1 ½ time.

Klikk på kartet for rundturane.


Rundtur 12. Stordøya - Fitjar og Stord.

Ein tur i nake kyst- og fjellandskap; vide skogar med vatn og elvar, lune viker og spennande skjergard; frodige bygder, småby og strandstad.

 

12B: Fitjar.

På denne turen vil me vise deg Håkonarparken, Kongsbrønnen, Rimsvarden, kulturminner i Fitjar sentrum.

Terreng: Asfaltert bygdeveg/litt sti.

Tid: Ca. 1 time

Klikk på kartet for rundturane.


12D: Gruvemuseet

Ein interessant fottur gjennom det gamle gruveområdet til Stordø kis.

Terreng: Grusveg og sti. Stigning ved tårnet, kupert.

Tid: Ca. 2 timar.

 

Klikk på kartet for rundturane.


12E: Landåsen - Leirvik/Stord.

Landåsen - trivselsfaktoren! Knapt nokon stad i Stord kommune vert nytta meir til rekreasjon og trimaktivitetar.

Terreng: Blanding av skogsvegar og godt tilrettelagde stiar

Tid: 4 ulike løyper frå 3,7 til 11,3 km


12F: Hystadmarkjo - Leirvik/Stord.

Like nord for Leirvik på Stord ligg Hystadmarkjo, med edellauvskog-reservat, turstiar, flotte badeplassar og mange synlege kulturminne.

Terreng: Godt tilrettelagt og grusa sti, stort sett flatt. Høver for rullestolbrukarar.

Tid: Ca. 2 km tur/retur - 1 - 1 1/2 time.

Terreng: Lett og variert

Tid: 5 km/ 1 1/2 - 2 timar

 

Klikk på kartet for rundturane.

Kjøp turarka her.


12G: Heio-Kattnakken-Heio.

Ein spenstig fottur til fjelltoppen Kattnakken 724 m.o.h. Høgdeforskjell frå parkeringplass til toppen: 300 meter. Flott utsikt frå toppen i godt ver.

Terreng: Grusa anleggsveg, alternativ sti. Delvis bratte parti.

Tid: 1 1/2 - 2 timar.

 

Klikk på kartet for rundturane.

Kjøp turarka her.


12H: Huglo

eit natureldorado i Sunnhordland, ligg lengst sør i ei gruppe av små øyar, der Langenuen møter Hardangerfjorden.

Huglo ligg ikkje direkte til hovudvegen (E39, - men ikkje så langt i frå. Det tar berre 10 min. med ferje frå Jektevik E39) til Nordhuglo (sjekk ferjetidene). 10 minuttar frå travel hovudveg til ro og fred. Frå Nordhuglo kort køyretur til starten av naturstien.

Terreng: Lett og variert

Tid: 5 km/ 1 1/2 - 2 timar

Klikk på kartet for rundturane.


Rundtur 13.  Bømlo

Ein rundtur gjennom heile øyriket Bømlo kan krevja meir enn ein dag. Ein må difor velja ut kva ein vil sjå og laga sin eigen tur ut frå reiserute, avstander og stader ein vil vitja. Og så kan ein sjølvsagt bruka 2 dagar.

 

13A: Siggjo/Bømlo.

Fjelltur til eit fantastisk utsiktspunkt, og til eit spanande geologisk område.

Terreng: Fjellsti - ein del bratte parti/tursko - joggesko.

Tid: Ca. 2 timar (1,8 km - høgdeskilnad ca. 300 meter)

 

 

 

 

Klikk på kartet for rundturane.


13B: Brandasundsåto/Bømlo.

Brandasund har ei lang historie som handels- og gjestgjevarstad. Gjennom tusen år har den lune og gode hamna lege sentralt i den ytre leia langs kysten.

Terreng: Sti, svak stigning, siste del

trappetrinn opp til toppen. Retur til parkeringsplass. Deretter veg til sentrum.

Tid: Ca. 1 1/2 time.

Kjøp turarka her.

 


Klikk på kartet for rundturane.


13C: Mosterhamn/Bømlo.

I vikingtida var Bømlo eit sentrum i landet si historie, og Moster spela ei hovudrolle. På denne tida var sjøferdsla særs viktig. Vestlandet var sentrum i landet vårt, og midt i dette området låg Moster. Det er difor ikkje til å undrast over at Moster står sentralt i det norske historiebildet på 1000-talet, då kristninga av landet tok til.

Bli med på ei vandring gjennom kulturløypa i Mosterhamn.

Terreng: Asfaltert veg, litt ulendt sti opp til og ned frå Vetahaugen.

Tid: Ca. 1 time og 15 min.

Klikk på kartet for rundturane.


Rundtur 14.  Sveio - Sunnhordland

Ein rundtur gjennom Sveio fører ein gjennom eit skiftande landskap med fjell, skog og hei, små og større vatn, lune vikar og holmar ut mot havet, vekslande med eit vakkert kulturlandskap.

 

14B: Førde/Sveio

Fotturen i Førde er variert og spanande, og kombinerer skogstur med vandring i triveleg bygdemiljø.Turen kan delast i 2 alternative ruter, som kan takast kvar for seg eller kombinerast til ein lengre tur. NB: Krav til fottøy er forskjellig for dei to rutene.

Alt. I:

Terreng: Ein relativt lett tur rundt i Førde sentrum, stort sett på vanleg veg. Ingen spesielle krav til fottøy.

Tid: Ca. 1 time.

Alt. II.

Terreng: Skogsveg og sti, nokre bratte parti, og litt myrlendt langs Sætrahaugen. Godt fottøy.

Tid: Ca. 2 timar.

Klikk på kartet for rundturane.


14D: Ryvarden.

Ein lett tur gjennom lynghei og gammalt kulturlandskap til Ryvarden fyr, eit av dei kjente landemerker langs kysten. Her får du ei spesiell natur- og kulturoppleving i all slags ver!

Terreng: Grusveg i kupert terreng. Delvis litt stigning.

Tid: 40 min.

Klikk på kartet for rundturane.


Rundtur 17. Kvinnherad

Naturen i Kvinnherad er eigentleg samansett av ein del Sunnhordland og ein del Hardanger. Sør i kommunen finn du det typiske Sunnhordlandskapet, med frodige, furukledde øyar, små holmar og idylliske sund. Lengre inne skiftar naturen. Du finn U-dalar forma av isen, tronge fjordar, fossar og steile fjell med evig is.

 

17A: Varaldsøy

Er omgitt av fire fjordar: Kvinnheradsfjorden, Øynefjorden, Sildefjorden og Hardangerfjorden. Ei øy og ein natur som byr på sjeldne opplevingar. Til Varaldsøy kjem ein med ferje frå Gjermundshamn eller Løfallstrand.

Varaldsøy – perla i Hardangerfjorden – ligg i skiljet mellom kystklimaet med milde vintrar og innlandet med varme somrar. Jordsmonnet er svært kalkrikt, noko som saman med klimaet, dannar grunnlaget for den spennande og unike vegetasjonen som finst her.

Terreng: Bygdeveg, skogsveg og sti. Bratt stigning på veg i starten, seinare flatt, litt kupert terreng. Vanleg turfottøy.

Tid: 2 – 2,5 timar.


17D: Rosendal.

Ein fottur rundt Hattebergfossen i kulturlandskapet ved Baroniet Rosendal. Rosendal ligg idyllisk til ved fjorden, kransa av høge majestetiske fjell. Knapt noko anna stadnamn i Hordaland har ein friskare aura enn Rosendal. Baroniet Rosendal er det einaste i sitt slag i Noreg og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet.

Terreng: Grusveg og sti. Opp langs Hattebergfossen er det sti med bratt stigning, men store deler av turen er på fin grusveg.

Tid: 1-1 ½ time.

Klikk på kartet for rundturane.

Kjøp turarka her.


 

webmaster@carwalks.com