|
|
|
||||||||||||||||
|
Dei foreslåtte rundturane er basert på bruk av eigen bil. Dei vil variera av lengde og reisetid, alt etter dei geografiske tilhøva. Turane er ikkje lenger enn at dei skal kunna gjennomførast som ein rimeleg dagstur. Reisetida er sjølvsagt avhengig av tid til fotturar og andre stopp. Fotturane: Turvegane/-stiane er lagt tilrette spesielt for dette føremålet, det vil seia for bilturistar som gjerne vil ha litt aktivitet og som vil oppleva natur og kulturlandskap på ein enkel og trygg måte. I tillegg til kartskisse og anna informasjon på turarka, er rutene godt merka. Ein går likevel på eige ansvar. Utgangspunktet for fotturane er frå avmerka parkeringsplass. Turane varierar i lengde frå 1-3 timar. Informasjon om dette og om turens innhald og kvalitet på informasjonsarka for turane. Ca. tid turen tar, er rekna ut frå normal gange. Stopp eller rast er individuelt og vil koma i tillegg. Nyt turen, du maktar ikkje alle på ein dag. |
|||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||
Hordaland er delt inn i områder med
nr. 1-8: Turarka er nummerert i samsvar med dette: 10-19
i område 1 osv. Kvar tur - rundtur og fottur
- har sitt eige turark. Det skal vera ein,
eller fleire fotturar knytte til kvar rundtur.
Fotturane har tilsvarande nr. som rundturen, men med ein bokstav etter. Utgangspunktet for fotturane er merka av på rundturkartet. Det hender at rundturane har nokre samanfallande strekningar. Evt. fotturar på desse strekningane er markert på begge rundturane, med nr. på den tur dei eigentleg " høyrer til". I tillegg til kartskissa er det tekst som fortel om interessante ting å sjå langs ruta. På fotturen tar ein turarket med. Slik vil det gjera turen og opplevingane meir interessante. |
|||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||