Bilvandring er eit nytt og spennande omgrep og tilbod til dei som vil ha ein meir innhaldsrik tur og større naturoppleving enn berre utsikta frå bilen. Som vil kombinera bilturen med godt tilrettelagte, merka, passeleg lange og interessante fotturar.

Ved hjelp av spesielle turark med kartskisser og informative tekstar for både bilturane og fotturane, kan du på ein enkel måte finna fram. På turarket for bilturen (rundturane) er utgangspunktet for fotturane merka av. Fotturane startar og endar der ein kan parkera bilen., og turane tar frå 1 til 3 timar med normal gange. Rutene er godt merka, og saman med kartskissa og teksten på turarket er det lett å finna vegen.

Kjøp Turarka:

Her finner du informasjon om hvor du får kjøpt turaka.

Bjørnefjorden har lange tradisjonar innan reiseliv. I Os kunne eitt hotell feira sitt 100-års jubileum i 1996. Tradisjonane er tatt godt vare på og i dag kan regionen gje både busette og reisande varierte opplevingar i form av ei mengd attraksjonar og aktivitetar. Av dei mest kjende attraksjonane er Ole Bull sin villa på Lysøen, Lysekloster, Holdhus Kyrkje og Fossen Bratte.


Bergen - blei by i kong Olav Kyrre si regjeringstid (1066-93). Byen var fram til 1830-åra den største i landet, og ei tid i mellomalderen også den største i Norden. Bergen er hovedstaden på Vestlandet og inngangsporten til Fjord Noreg.

Dei mest vitja attraksjonar er Fisketorget, Fløien/Fløibanen, Bryggen, Bergen Akvarium, og sjølvsagt heimen til Edvard Grieg, Troldhaugen.

Os kommune - har ein båt under ei stor rose i kommunemerket. Det symboliserer hevdvunne handverk i Os, i form av Oselvarbåten og rosemåling. Frå 1100-talet vert Os si historie sterkt prega av at Lyse Kloster vart grunnlagt i bygda, skipa 10. juli 1146 av bisp Sigurd i Bergen. Det vakre og lune landskapet i Os har lokka mange til seg, og ein av desse var fiolin-virtuosen Ole Bull. I 1872 fekk han bygd eventyrlege "Villa Lysø" på Lysøya i Lysefjorden.

Lysøen

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!

Lysekloster


Fusa kommune -har stiliserte jettegryter i kommunemerket. Det er ein vidstrakt kommune med 137 km strandline. Her finn ein idylliske fjordarmar med holmar og svaberg, vekkgøymde dalar med stupbratte fjellsider omkring, frodige gardsbruk og fiskerike vassdrag.

Bjørnefjorden

Tysnes kommune - har to økser med tak over som symboliserar Onarheimsgilde i kommunemerket sitt. Onarheim var eit hovdingsete i forhistorisk tid. Garden var eit midtpunkt og møtestad i den vestre delen av landet vårt, vide kjend som kultstad og tingstad. I Tysnes kommune er det 2.900 fastbuande innbyggjarar og det er 9.000 som har sin feriestad her.

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!


Samnanger kommune – har eit kommunevåpen som symboliserar at kommunen set pris på regnet. På raud botn ligg det seks gull dropar i sirkel, og dei skal minna om den tidlege vasskraftutbygginga, og kva den har betydd for utviklinga av Samnanger samfunnet.

Klikk på kartet for Rundturar og Fotturar!


webmaster@carwalks.com