|
|
|
| Rundturane:
Dei foreslåtte rundturane er
basert på bruk av eigen bil. Dei vil variera av lengde og
reisetid, alt etter dei goegrafiske tilhøva. Turane er ikkje
lengre enn at skal kunna gjennomførast som ein rimelig dagstur.
Reisetida er sjølvsagt avhengig av tid til fotturar og andre
stopp. |
|
Vil ein bruka meir tid enn ein
dag på turen, er det gode og varierte overnattingstilbod å
finna. Sjølv om reiseruta og omtalen av den tar utgangspunkt i
ein bestemt stad, kan ein kopla seg inn på ruta der det er mest
naturleg. Ein kan gjennomføra berre ein del av turen, eller
kopla saman to eller fleire turar. |
|
Kjøp
Turarka:
Her finner du informasjon om hvor
du får kjøpt turaka. |
 |
 |
 |
 |
|
Annonsere? |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Ved hjelp av spesielle turark med
kartskisser og informative tekstar for både bilturane og fotturane, kan
du på ein enkel måte finna fram. På turarket for bilturen er
utgangspunktet for fotturane merka av. Fotturane startar og endar der
ein kan parkera bilen., og turane tar frå 1 til 3 timar med normal
gange. Rutene er godt merka, og saman med kartskissa og teksten på
turarket er det lett å finna vegen.
|

| Hordaland
er delt inn i områder med nr. 1-8: Turarka er nummerert i
samsvar med dette: 10-19 i område 1
osv. Kvar tur - rundtur og fottur -
har sitt eige turark. Det skal vera
ein, eller fleire fotturar knytte til kvar rundtur.
Fotturane har tilsvarande
nr. som rundturen,
men med ein bokstav etter. Utgangspunktet
for fotturane er merka av på rundturkartet. Det hender at
rundturane har nokre samanfallande strekningar. Evt. fotturar
på desse strekningane er markert på begge rundturane, med nr.
på den tur dei eigentleg " høyrer til".
I tillegg til kartskissa er
det tekst som fortel om interessante ting å sjå langs ruta.
På fotturen tar ein turarket med. Slik vil det gjera turen og
opplevingane meir interessante. |
|
|
|
| Turarka
kan berre kjøpast i Norge, i Hordaland og då hos følgjande: Hordaland
Reiseliv, reiselivsorganisasjonar og turistkontor, i
resepsjonar, på campingplassar og andre stadar der det er naturleg med
slik informasjon.
Hordaland Reiseliv
administrerar Bilvandring og kan gje meir informasjon.
Pris: kr. 10,- pr. turark (Ved oppkrav min. 10
ark)

|
|
webmaster@carwalks.com
|