|
Askøy kommune – er den største landkommunen i Hordaland, med
19.000 innbyggjarar Kleppestø er administrasjonssenteret i kommunen.
Øya har namn etter garden Ask, som i sin tur fekk namn etter treslaget
ask. Kommunevåpenet førestiller eit asketre som står på ei øy eller
kolle med sjø framføre. Askøy vart landfast i 1992 med den lengste
hengebrua i Nord-Europa.

|
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|
|
Sund
kommune - utgjer den sørlege delen av øya Sotra. Kommunen har eit
areal på 99,3 km2. Kystlinja er 110 km lang. Kommunen femner om ca. 466
øyar, holmar og skjer. Det høgste fjellet er Veten, 284 m.o.h.
Folketale er om lag 5.000.

Klikk på kartet for
Rundturar og Fotturar! |
Tælavåg

Glesvær
|
Fjell
kommune - er ein vekstkommune med kort avstand til Bergen sentrum,
eit veksande folketal og offentlege tenester i rask utvikling. Ein
variert natur gjer kommunen til ein ideell stad for alle slags
utandørsaktivitetar. Her finn ein mange små, idylliske fiskemiljø med
naust og gamle bygningar. Kommunen har rike kultur- og fritidstilbod for
alle.
Øygarden
- vart eigen kommune i 1964. Etter at ein fekk ferjefritt samband har
kommunen vore i ei rivande og utfordrande brytningstid, kjennteikna m.a.
ved jamn og stor folkeauke og mange nye etableringar innan
næringslivet. Dei viktigaste næringsvegane er knytte til sjøen:
Reiselivet vert utvikla kring sjøen som det naturgjevne
element. Sjøfart, fiske og arbeid med fisk er framleis viktig som
levebrød.

|
Klikk på kartet for Rundturar og
Fotturar!
|